Bryllaupet vårt


30. juli 2006 gifta eg meg med Anna Skrzypek frå Kraków. Me traff kvarandre på flyplassen i Kraków, 18. april 2001, då Ania (Ania og Anna er same namnet i Polen) stilte opp for å ta i mot ei gruppe BI-studentar som kom til byen på studietur. Eg var med som arrangør og reiseleiar, og hadde vore i kontakt med Ania per telefon og e-post på førehand, slik at me hadde ein kontaktperson som kunne hjelpe oss i byen.

Det tok ikkje lang tid før gneisten vart tend, sjølv om me ikkje vart saman med det same.
collage_image
Etter å ha budd saman sidan sommaren 2004 fann me ut at me hadde lyst til å ta steget vidare og gifta oss. Dette ønskte me å feira og inviterte difor slekt og vener til bryllaup i Kraków.

Bryllaupet vart svært internasjonalt, med gjester meir eller mindre frå heile verda (Polen, Noreg, Ukraina, Tyskland, Sverige, England, Skottland, USA, Kanada og Japan), og me oppretta difor desse nettsidene slik at me lett kunne dele informasjon med dei tilreisande. Alt i alt hadde me kring 130 gjester, der rundt halvparten kom reisande til Kraków.

Som nemnd fann bryllaupet stad i Ania sin heimby Kraków. Sjølve kyrkjeseremonien skjedde i Katrina-kyrkja i Kraków, medan festen fann stad i det gamle kongeslottet i Niepolomice, omlag 20 kilometer utanfor byen.

Heldigvis var det mange som nytta sjansen til å bli i Kraków ei stund, sidan både byen og området ikring har veldig mykje å by på. Det einaste som var synd var at me ikkje fekk tatt oss av alle så mykje som me kunne tenkt oss.