Me ønskjer bilete frå bryllaupet
Har de tatt nokre flotte bilete frå bryllaupet, og ønskjer å dele dei med oss, eller andre som var til stades?

Då kan de sende dei på e-post til for31led@photos.flickr.com. Bileta kjem då inn på nettsida me nyttar for å dele bilete med andre (flickr.com). Me kjem til å sjå gjennom bileta før dei vert tilgjengelege for alle, slik at me har nokolunde kontroll over kva som ligg på nettet.
Ny side, nytt innhald
Sidan bryllaupet no er over er det på tide å byrje sjå framover. Etterkvart kjem eg difor til å fjerne nettsida med informasjon om bryllaupet, men vidareføre innhaldet i den generelle nettsida mi. Eg kjem framleis til å skrive oppdateringar med jamne mellomrom, men desse kjem til å liggje på framsida på heimesida, på www.karlolav.no.

Den praktiske informasjonen om reiser til Kraków kjem eg og til vidareutvikle, men som ein eigen underavdeling av nettsidene.

Bileta er i ferd med å bli lasta opp på kontoen min på flickr.com. De er velkomne til å ta ein kikk med jamne mellomrom, og det er kjekt med kommentarar til dei ulike bileta.
Alt vel overstått
4196
Me har no vore gifte i meir enn to veker og er nøgde, begge to.

Det er ei veke sidan me kom attende til Noreg, men me har framleis ikkje lagt ut nokre bilete på nettet (me har jo ikkje Internett heime). Alt i alt så tok fotografen vår litt meir enn tusen bilete, og kameramannen hadde meir enn fira timar med video.

Me er i ferd med å velje ut ein del av bileta og me kjem truleg til å laste dei opp på Fotoknudsen eller Eurofoto sine nettsider, slik at folk lett kan få ein papirkopi av dei bileta ein ønskjer.

Me kjem og til å opprette ein konto på Flickr.com som er ei nettside for deling av bilete. Ein kan då sende ein e-post med bilete ein ønskjer å dele med andre som var i bryllaupet, før bileta automatisk kjem opp på nettsida. Sjå etter informasjon om korleis dette kan gjerast om eit par dagar.