Om nettsida


Denne nettsida ligg på ein web-hotell frå One.com. Eg betalar der kr 10,- per måned, i tillegg til litt i leige av karlolav.no domenet.

Nettsida er laga i RapidWeawer, eit supert program som berre finst til Mac. Programmet er basert på ulike tema som ein vel, men eg har modifisert nokre av desse for å få mitt eige preg på sida. Programmet er veldig lett å bruke, og ein kan lett lage flotte og profesjonelle nettsider.

Eg har nytta to typar fotoalbum på nettsida. Den eine typen består av ei lysbilete, der eit og eit bilete kjem opp. Til dette har eg nytta fotoalbum funksjonen i RapidWeawer.

Den andre typen fotoalbum har eg laga ved å laste bileta opp på flickr.com som er ei nettside for deling av foto. Her kan ein lage album, abonnere på bilete, gje kommentarar og liknande. Eg har teikna eit Pro-medlemskap som gjer at me kan laste opp veldig mange bilete per månad. Det er inga avgrensing for kor mange bilete som kan liggje der totalt.

For å bruke desse bileta som fotoalbum i RapidWeawer har eg nytta ein tilleggsmodul som gjer denne funksjonalitet.

All video på nettsida er redigert i iMovie, ein del av iLife-programvara som kjem gratis med alle Apple-maskinar.